Aktuelt

Bransjetreff

December 19, 2024
I oktober var det igjen duka for årets bransjetreff for møbel- og design industrien, i regi av Norsk Industri m.fl. Det vart ein oppløftande og kjekk dag med nyheiter, innsikt og god selskap

Tusen takk til alle som deltok og gjorde dette til ei inspirerande og lærerik samling! Dagen vart innhaldsrik, med lave skuldre og mykje god motivasjon for framtida.

Kva lærte vi og kva fekk vi oppleve?

Gjennom dagen fekk vi mellom anna høyre om sektorsatsinga "Hele Norge eksporterer", der Innovasjon Norge kunne fortelje at det vert fokus på eksport framover.

Made in Norway - heile Norges nye opphavsmerke

I same ånda vart vi introdusere Innovasjon Norge heile Noregs nye opphavsmerke "Made in Norway", som nokre av våre lokale møbelprodusentar allereie har tatt i bruk. Dette merket skal bidra til bevisstgjering og oppklaring ifht kva som er norskprodusert, då undersøkingar har vist at det er overraskende mange som ikkje er kjent med kva merkevarer som faktisk er norske - noko som er svært synd då det også er mange som gjerne vil støtte norsk produksjon. Innovasjon Norge og Norvigroup Norsk Dun AS oppfordra til at ein blir med å bygge landslag og at dei som fyller kriteria søkar om å få bruke merket.

Jan Ludvik Andreassen som er sjefsøkonom i Eikagruppen gav oss ein gjennomgang av norsk og global økonomi, og korleis dette påverkar bransjeutsiktene.

LK Hjelle presenterte sin friske, nye grafiske profil saman med Peil agency, og fortalde om korleis dei saman har jobba med internasjonalisering og merkevarestrategi.

PlussLab og Slettvoll oppdaterte om prosjektet TEKSTUR, der ein jobbar for å avklare om tekstilrestar frå møbelproduksjon er avfall, eller om det kan få ny verdi. Dei fortalde då også om eit "stunt" dei gjorde nyleg, då dei tok med seg ein heil del restar og utgåtte rullar med møbeltekstil frå Ekornes, Slettvoll og Formfin til Fæbrikstad - der syglade entusiaster nærmast kasta seg over utvalet og kjøpte møbeltekstil over all forventning. = Verdi har det.

Til stor glede fekk vi også høyre at eit nytt testsenter for møbelbransjen er i emning - heilt klart eit behov, og veldig kjekt å kunne teste lokalt heller enn å sende materiale ut av landet for testing, er fleire eininge om.

Frå scena fekk vi også vere vitne til ein samtale mellom Janne Muri frå Ekornes og Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling. Praten gjekk rundt moglegheiter og verdsleiande innovasjon, med kunnskapsdeling frå nye produksjonsmetoder. Visste du at Ekornes er først ut i verden til å kunne tilby 3D strikka møbelstoff? Tekstilet er formsydd til Stressless dining stolar, og kan både byttast ut og takast av for vask. Fantastisk!

Utdeling av Rellingprisen med DOGA

Forbundet Styrke, Norsk Industri og samarbeidskomiteen for møbel diskuterte ope om kva partssamarbeid betyr for bransjen, og dagen vart runda av med utdeling av Rellingprisen for unge designspirer. Dei 3 beste kandidatane fekk presentere sitt arbeid. Her fekk vi sjå både utemøblar i ulike former og materiale, samt belysning til nettmøter. Alle bidraga fekk høg applaus frå salen. Mange vart imponert og ville gjerne sjå desse i produksjon.

Hot Club de Norvege leverte stemningsfull musikk på Kulturhuset

Etter ein innhaldsrik dag med input gjekk turen vidare til RAUS for middag og nettverking. Kvelden vart avslutta tilbake på kulturhuset, med gylne tonar frå den dyktige gruppa Hot Club de Norvege. For ein dag - vi gler oss allereie til neste år!

Les meir om Bransjetreffet i Nyss:

Har fylt salen – med framtida i sikte - nyss.no