December 14, 2024

POPUP x 3D-STRIKK

Endeleg er 3D-Knitting & Technology i Sykkylven sentrum! Ta turen innom POPUP x STRIKK for å lære om teknologien og sikre årets julegåver.
Meld deg på
Mittens, O.A.D. (Instagram #o.a.devold)

POPUP x 3D-STRIKK


Opning torsdag 5. desember kl. 14.00

i Kyrkjevegen 38, Sykkylven

Velkomen til opninga av Pop-Up 3D-Strikk – ei feiring av innovasjon, handverk og berekraft!

Dette er eit unikt innblikk i korleis avansert teknologi kan kombinerast med tradisjonelt design for å skape berekraftige produkt innan mote og møbel.

Opningstider frå 5. desember og dei to neste vekene:

Torsdag: 14-18

Fredag: 14-18

Lørdag: 10-15

Søndag: 13-17

Desse bedriftene har lansert 3D-strikkemodellar som del av sine kolleksjonar, og smakebitar finn du i PopUp’en:

Astrid genser, Woodling (Instagram #woodlingstudio)

WOODLING: Norsk klesmerke frå Jæren som kombinerer nordisk natur, tradisjon og 3D-strikketeknologi. Resultatet er moderne og tidlause plagg av naturlege materialar.

OLEANA: Tradisjonsrik norsk tekstilprodusent som nyttar 3D-strikking til å skape berekraftige strikkeplagg. Kombinerer handverk med moderne teknologi i eigne produksjonslokale i Ytre Arna.

O.A.DEVOLD: Ein av Norges eldste strikkemerke som no satsar på framtidsretta 3D-strikking for å produsere tidlause kvalitetsplagg med minimalt miljøavtrykk.

EKORNES: Nordens største møbelprodusent, og først i verda til å bruke 3D-strikking som avtagbare trekk i stoppmøbelproduksjon. Produserer møbeltrekk med minimalt svinn og maksimal komfort i Stressless Dining-serien.

LK HJELLE: Tradisjonsrik møbelprodusent som har vurdert bruk av 3D-strikka trekk i sine moderne designmøblar, med fokus på innovasjon og norsk handverkstradisjon.

Complementary cardigan, Oleana (Instagram #oleana.knitwear)

Basil Stressless Dining, Ekornes (stressless_official)

Mittens, O.A.D. (Instagram #o.a.devold)

Bedriftsnettverket for 3D-Strikk

Etableringa av Bedriftsnettverket 3D-Strikk i 2021 samla fem innovative verksemder:

LK Hjelle, Ekornes, Devold, Oleana og Woodling.

Desse bedriftene har saman utforska og utvikla moglegheitene i 3D-strikketeknologi.

3DKnitting & Technology AS, etablert i 2018 i Sykkylven, er ein viktig samarbeidspartnar for nettverket. Selskapet tilbyr avansert kompetanse innan virtuell design, prototyping og teknisk utvikling.

Kva er 3D-strikking?

3D-strikkinger ein revolusjonerande teknologi som kan samanliknast med ein 3D-printer for tekstilar.

Produkta blir produsert direkte på strikkemaskina, utan svinn frå tilskjering, og behovet for arbeidskrevjande kutting og saum blir minimert. Dette gjer produksjonen både effektiv og miljøvennleg, med redusert energiforbruk og transportbehov.

Dei saumfrie produkta gir høg komfort og fleksibilitet, og teknologien opnar for lokal produksjon i mindre skala, noko som styrker norsk design- og industrikompetanse.

ta turen til Pop-Up 3D-Strikk og opplev framtida innan design, handverk og teknologi!

For meir info sjå POPUP x AURE på Instagram