March 27, 2025

Næringskonferansen Uredd

Næringsforeningen Ålesundregionen invitera saman med sine samarbeidspartnera til det nye konseptet: Næringskonferansen Uredd!
Meld deg på

Bli med på konferanse og after-party!

Næringsforeningen Ålesundregionen ønskjer, saman med sine samarbeidspartnarar, velkomen til premieren på det nye konseptet: Næringskonferansen Uredd

Damene Først har i over 12 år vore ein konferanse for kvinner i næringslivet, der mange dyktige menneskjer har delt av sine erfaringer. Dei seinare åra har der vore ein diskusjon om dette er eit format for framtida, og konklusjonen blei at i år er tida inne for å utvikle seg vidare. Konferansen går inn i ny drakt, men tar med seg essensen av det som har vore tema før, nemlig Uredd. Det betyr at ein skal ha ei scene for det som utfordrar, det som kanskje provosera og det som gir rom for ettertanke rundt viktige tema. Dei vil også sjølv vere uredd i konseptet, og vel å gå i ei retning der ein tør å gå i dybda på ulike tema. Dei ønskjer ikkje å berre ha ei kjapp rekke av mange gode innlegg, men bruke ein del tid til diskusjon og dybde i tema. Dei lagar eit konsept som rommar meir og kan appellere til både menn og kvinner, folk fra ulike bransjar, næringar og arbeidslivet.

Danby Choi kjem til Næringskonferansen Uredd

Early-Bird i begrenset periode!

Sikre deg din billett

I regi av Næringsforeningen Ålesund regionen, i samarbeid med:

Spreabanken Møre, Kongsberg, NTNU, Adviso, Twoday og NHO.