September 26, 2024

Lokal lansering av Grønt industriløft Møre og Romsdal

Bli med på lokal lansering av rapporten «Grønt industriløft Møre og Romsdal». Kva er våre fortrinn? Kva er våre utfordringar?
Meld deg på

Kva er «grønt industriløft» og kva betyr det for næringslivet vårt?

Lokalt perspektiv på regional rapport

Velkomen til lokal lansering av rapporten «Grønt industriløft Møre og Romsdal». Bli med for å høyre kva dette kunnskapsgrunnlaget har å bety for vårt næringsliv, lær og bli inspirert av prosjekt i bedrifter i regionen vår og få påfyll av kunnskap om berekraftsrapportering, og den nye økodesignforordninga.

Ikkje minst, kom for å nettverke med andre i lokalt næringsliv!

PÅMELDING

(Lenka går til eit Google-skjema. Send evt. mail om påmelding til lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no)

Stad: Næringsfabrikken, Sykkylvsvegen 123, 6230 Sykkylven

Når: Torsdag 26. september, kl.9-12

PROGRAM

08:30-09:00 - Frukost, kaffe og mingling

09:00-10:00 Grønt industriløft

Rapport Grønt Industriløft M&R, Martin Ose/M&R fylkeskommune + Hedda Krogstad/ Innovasjon Norge

Moglegheiter FoU-samarbeid, regionalt case, Haakon Raabe/FoU-partner SINTEF

Prosjekt i lokal bedrift, Pla-Mek/Kai Roger Bjørdal

Prosjekt i lokal bedrift, Ekornes/Solveig Gaundal

Koplingsaktør PlussLab og regionalt prosjekt TEKSTUR, PlussLab/Jon Daniel Nesje + Slettvoll/Karoline Fløtre Gati

10:00-10:15 PAUSE

10:15-11:30Berekraftsreguleringar

Berekraftsreguleringar vi må forhalda oss til, Hedda Krogstad/Innovasjon Norge

Økodesignforordninga, Solveig Gaundal/Ekornes

Case på korleis jobbe med berekraft i design og materialval, Inventas/Synne Dragsund Litlere

Tekstil 2025 - krav innsamling av tekstil, Natalie Østrem/Attvin

11:30-11:45: Diskusjon

11:45-12:00 Oppsummering og vel heim

Det er også mogleg å booke møter med Innovasjon Norge og fylkeskommunen i etterkant av seminaret. Dette gjer du i påmeldingsskjemaet.

Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sykkylven kommune ønskjer velkomen!