Leiarutvikling – kvifor? Frukostmøte med Gagn, kl.08.30-10
.png)
Kvifor treng vi leiarutvikling?
Bli med når Gry Helene Stavseng og Stefan N. Halck i Gagn gir oss nokre smakebitar frå utviklingsprogrammet deira for mellomleiarar!
Kvar? SkaparLINKEN cowork, Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Når? 4. april, kl. 08.30 - 09.30, mingling til kl. 10
Meld deg på for å sikre deg sitteplass og få påspandert frukost. Arrangementet er gratis.
Vi får høyre:
- kvifor det er viktig å ha ein tydeleg definisjon av ein mellomleiars rolle
- kvifor endringsledelse er nødvendig i ei uforutsigbar verd
- korleis ein best kan leie team
- og ikkje minst -kvifor det er viktig å utvikle mellomleiarane sine
Er du klar for å "uppe gamet" til dine team og mellomleiarar? Set av ein time til frukost i fellesskap og bli med!
Litt om Gagn
Rådgivingsselskapet Gagn har hovudkontor i Ålesund, og kundar rundt om i distrikta på Sunnmøre og i Romsdalen. Selskapet jobbar mellom anna med rådgiving og mentoring, prosjektleiing, digitalisering, leiarutvikling, organisasjonsutvikling, endringsleiing og HR. Ei variert kundemasse har gitt dei omfattande kunnskap og erfaring om korleis ein kan optimalisere prosessar i bedriftene.
4. april får vi ein smakebit - meld deg på i dag!
.jpg)
.jpg)