Frukost med gründer og startup-investor Mathias Hovet kl. 08.30 - 09.30
Dato: 16.02
Tid: 08.30 - 09.30
Stad: SkaparLINKEN
Kom og bli inspirert av vår eigen lokale seriegründer og startup investor Mathias Hovet!
Han har vore nominert til årets leiartalent av E24 for mellom anna å bygge opp designbyrået Heydays.
Design er grunnkompetansen hans, men han kan også mykje om forretningsutvikling, kunderetta tenesteproduksjon, strategi og finansiering.
Som business angel vil Mathias dele si innsikt i kva ein ser etter når ein vurdera å investere i eit oppstartsselskap.
Han har også råd til gründerreisa, deriblant til oppbygging av team, merkevare og det å teste ut ideen i markedet.
Dette vil du ikkje gå glipp av
- meld deg på i dag!
Arrangementet er gratis.
Frukost til alle påmeldte.