Korleis behalde unge, dyktige arbeidstakarar?
Kva forhold er viktige for unge i jobb? Korleis bør leiarar jobbe for å levere på disse forhalda? Kva andre trender påverkar korleis dei forholder seg til arbeidsgjevarar? Vilde Vågsland frå Opinion har dei siste åra jobba med å forstå nettopp dette gjennom landets mest omfattande studie om Generasjon Z(UNG2024). Torsdag 30. november kjem ho til Sykkylven for å presentere spennande innsikt og gi nokre konkrete råd om korleis rekruttere, behalde og utvikle unge arbeidstakarar.
Korleis U37 Sunnmøre styrkar relasjonar
Nokre viktige kjenneteikn ved U37 Sunnmøre er erfaringsdeling og psykologisk tryggheit. Kvifor er dette så viktig, og kva er suksessen bak U37? Malin Førde er prosjektleiar for U37 Sunnmøre og kjem til Sykkylven for å dele sin kunnskap og erfaringar om nettverket.
Program:
12:00-13:00 + Opinion v/Vilde presentera UNG2024 undersøkinga med relevante funn for næringslivet i Sykkylven
13:00-13:30 + Nettverket U37 Sunnmøre v/Malin vil fortelje om kvifor eit slikt nettverk er viktig for næringslivet på Sunnmøre
Arrangementet er GRATIS
Påmeldingfrist fredag 24.november - meld deg på i dag: PÅMELDING HER
Kva er U37 Sunnmøre?
U37 Sunnmøre er eit nettverk for unge leiarar og talent i privat og offentlig sektor, under 37 år. U37 Sunnmøre dekker heile Sunnmøre. Les meir om U37