March 1, 2024

Frukostmøte om framtidas helsetenester, med Søgni og Cecilie kl. 08.30 - 09.30

Korleis kan kommunene drive effektive helsetenester av høg kvalitet innafor knappe rammer? Kan velferdsteknologi vere ei berekraftig løysing? Bli med å utforske "Framtidas Helseteneste – Politiske og Etiske Dilemmaer".

Fredag 1. mars, kl. 8.30 - 9.30

SkaparLINKEN, Pilgata 10

Demografiske utfordringar, mangel på helsepersonell og begrensa økonomiske ressursar skaper ein stadig meir pressa situasjon for kommunenes helsetenester. I møte med disse utfordringane ser vi at velferdsteknologi kan vere ein del av løysinga, men med dette ser vi også viktige politiske og etiske dilemmaer.

Saman med fagfolk invitera vi deg derfor til eit frukostmøte der vi utforskar temaet

"Framtidas Helseteneste – Politiske og Etiske Dilemmaer".

Vi vil diskutere korleis kommunene kan drive effektive helsetenestar av høg kvalitet innafor knappe rammer, og om velferdsteknologi kan vere ei berekraftig løysing utan omstilling.

Med oss denne morgonen har vi :

Søgni Margrethe Grøndal, fagkonsulent velferdsteknologi og tenestedesign i Sykkylven Kommune og

Cecilie Campbell ALV Møre og Romsdal (Arena for læring om velferdsteknologi).

Møtet er ope for alle

Gratis frukost ved påmelding:

Påmelding til frukostmøte om framtidas helsetenester