June 28, 2024

Frukostmøte med Pla-Mek kl.08.30 - 09.30

Saman med Bjarne Olav og Kai frå Pla-Mek vil vi invitere DEG til frukostmøte om berekraftig produksjon i plast - footprint og resirkulering
PÅMELDING

Frukostmøte er gratis og går frå kl. 08.30 - 09.30

Servering av lett frukost til deg som er påmeldt.

Bjarne Olav Velle og Kai Roger Bjørdal frå Pla-Mek kjem til SkaparLINKEN fredag 28. juni.

Dei vil då fortelje litt om korleis dei jobbar for å gjere kundane sine produkt meir miljøvennlege, og om eit forskningsprosjekt dei har jobba med saman med Ekornes.

Du får mellom anna høyre om:

- Korleis Pla-Mek som plastprodusent jobbar for ein meir berekraftig produksjon, og at plast ikkje nødvendigvis er den største miljøfienden

- Kvifor det er viktig å kome tidleg inn i prosessen som partnar, då 80 % av utsleppa til eit produkt vert redusert i designfasen

- Korleis og kvifor Pla-Mek ikkje berre er leverandør, men også samarbeidspartnar med sine kundar

- At du som kunde no kan levere inn plastdelar, slik at Pla-Mek kan gjenbruke plasten. Dette fordi dei har investert i ei kvern som gjer det mogleg å gjenbruke plast. I tillegg til å ta i mot plastavfall frå andre bedrifter, gjenbrukar dei kapp og det som elles kunne ha blitt svinn

- Pla-Mek mottok solsikkeprisen for stor miljøinnsats, som første industribedrift

Forskningsprosjektet:

Pla-Mek® har jobba saman med Ekornes for å sjå korleis dei kunne redusere fotavtrykket. Jomfruelig plast vart bytta med resirkulert plast i dei største komponentane som sete, rygg og mekanisme, i Stressless® Dining kolleksjonen. I arbeidet med den kjente spisestuestolen til Stressless®, har dei lykkast med å bytte om til resirkulert plast som tilsvarer en klimafotavtrykkreduksjon med 14,5 kg CO2 per stol.

Pla-Mek tilbyr sporing av fotavtrykket. I prosjektet jobba dei med fotavtrykket heilt fra råvareuttak via underleverandør, transport og distribusjon, korleis dei produsera og målar strømforbruk på maskiner osv. Dei la vekt på sporing hele vegen og fram til produktet kom ferdig ut av fabrikken til Pla-Mek.

Energiråd har bidratt med kompetanse inn i prosjektet, samt råstoff leverandør. Dette har sammen med Pla-Mek sin innsats bidratt til en gevinst for sluttkunden. Det letter også arbeidet for Pla-Mek sine kunder med å dokumentere i EPDer.

Les meir på https://www.pla-mek.no/uncategorized/fotavtrykk-i-hele-distribusjonskjeden/ og bli med på frukostmøte!

PLA-MEK

Lokale Pla-Mek er ei av landets mest moderne bedrifter innan sprøytestøyping av plast, og automatisert plastproduksjon.

Hjå Pla-Mek står sprøytestøpemaskina i sentrum og kombinerast med fleirkomponent støyp, robotar og emballasje i ei komplett produksjonslinje. Bedrifta kan også robotisere montering av fleire delar, som gir optimal og kostnadseffektiv produksjon som preges av høg presisjon. Pla-Mek leitar heile tida etter løysingar som gir merverdi i produktet og som tilrettelegg for at produksjonen din blir meir effektiv og lønsam. Målet er å gi deg som kunde produktet du ønskjer, og gjerne litt meir enn du sjølv tenkte på.