February 11, 2025

Framtidsmøte Sykkylven 2040, kl. 17.30

Sykkylven kommune inviterer innbyggarar, frivillige, næringsliv og politikarar til framtidsmøte. Her skal vi i lag utforske kommunen sine utfordringar og moglegheiter fram mot 2040.
Meld deg på

Sykkylven kommune inviterer innbyggarar, frivillige, næringsliv og politikarar til framtidsmøte på næringsfabrikken, tysdag 11. februar kl. 17.30.

Her skal vi i lag utforske kommunen sine utfordringar og moglegheiter fram mot 2040.

Dato: 11. februar
Tid: 17.30
Tidsramme: 2,5 - 3 timar
Stad: Næringsfabrikken

Informasjon om påmelding kjem.

Lokalsamfunna våre står allereie overfor store utfordringar mange stadar i landet. Vi må vere kloke, modige og tenke framover for ikkje berre å ta vare på det vi har, men også skape endå betre plassar å bu, leve og jobbe i framtida.

I dette møte skal vi i lag bruke Framtidsverktøyet 2040, som er utvikla av KS (Kommunesektorens organisasjon). Møtet vert leia av Gustav Weiberg-Aurdal i frå KS.

Vi håper du vil bli med!

Alle som bryr seg om utviklinga av samfunnet vårt i Sykkylven er inviterte.

Vi ønsker spesielt å samle engasjerte unge, engasjerte vaksne, og elles alle som er interessert i korleis vi kan forme framtida saman. Vi håper å få med innbyggarar, politikarar, representantar frå næringslivet, frivilligheita og ulike sektorar.

Framtidsmøte - Sykkylven 2040 - Sykkylven kommune