August 31, 2024

BIO Møre og Romsdal – støtte til bedriftsintern opplæring, Søknadsfrist 31.08

Gjennom regional forvaltning kan bedrifter i Møre & Romsdal no søke om støtte til opplæring av tilsette, slik at bedrifta vert i stand til å gjennomføre ei grøn omstilling.

Kva kan bedrifta søke støtte til?

Bedrifta kan søke om midlar til kompetansetiltak. Desse skal bidra til energieffektivisering, bruk av fornybare energikjelder, reduksjon av avfall og utslepp frå produksjonen, innføring og utvikling av grøn teknologi og infrastruktur, og fremme av berekraftig produksjon og forbruk.

Bedrifter kan òg søke om støtte til kompetansetiltak til innføring av smart teknologi og digitalisering, som bidrar til grøn omstilling.

Dette kan bedrifta søke støtte til:

Opplæringsprosjekt som maksimalt kan vare i 26 veker, inkludert:

  • Kurskostnader
  • Kursmateriell
  • Reiseutgifter i forbindelse med opplæringa
  • Lønnsutgifter til tilsette under opplæring  

Kven kan søke?

  • Bedrifter som har verksemd i Møre og Romsdal
  • Både enkeltbedrifter og fleire bedrifter i fellesskap

Kan ikkje søke: Bedrifter som er i ferd med å bli avvikla, heller ikkje nyetablerte bedrifter.

Formål

Formålet med grøn omstilling er å redusere klimautsleppa, bevare naturressursar og biodiversitet, og bidra til ei meir rettferdig og berekraftig framtid for alle.

Lenke til søknad om BIO-midlar på MR Fylke sine nettsider

Søknadsfrist 31.08